Enkle gleder!
Heimkommunen min har utvida ordninga med kildesotering. For ei god stund sidan. Det har vel dei fleste norske kommunar, sjølv om systema er nokså ulike frå kommune til kommune. (Eg har merka meg at min heimkommune har fleire gode idear hente andre stadar i landet, men det er ei anna sak.....)
Kommunen min hentar plast, papir, melkekartongar og restavfall. Restavfall kvar veke, dei andre ein gang kvar månad. I starten må eg innrømme at svært mykje av plasten gjekk i restavfallet. Sekken til å putte plastavfallet i, heng i garasjen. Så det er berre å innrømme at av og til blei det litt "langt" å ta turen ut dit, og svært lettvint å putte plasten sammen med resten av bosset. Latskap med andre ord.
Sett frå eit miljøperspektiv er det sjølvsagt viktigast å dra minst mogeleg plast inn i huset. For det er vanvittige mengder det er snakk om! Alt du kjøper er pakka inn i plast. Ikkje berre ein, men gjerne to gonger! Kvifor i all verda er gulrøtene pakka både i ein plastboks og ein plastpose rundt det igjen?
Men har du først fått plasten i hus, så får du i det minste prøve å få det ut igjen på ein miljøvenleg måte. Så eg har omsider tatt meg på tak og sørga for den innlysande løysinga. Dei fleste har sikkert skaffa seg dette for lenge sidan. To bossbøtter under vasken (til austlendingar som ikkje vil forstå; det betyr søppelbøtter), ei til restavfall og ei til plast. Skilnaden er merkbar. Mengda plast som blir sendt til gjenvinning frå husstaden vår er bortimot dobla!
Ei enkel løysing på ei praktisk utfordring. Å gjennomføre det du har tenkt på lenge kan gi deg enkle gleder. Ja, eg blir rett og slett litt glad! Så er det berre å vente på at vi skal i gang med matkompostering. Då blir enno fleire bøtter i skapet.
Ville du kjøpt bruktbil av denne dama?

Ikkje det? Ja, ja, kanskje like greit. Ikkje har eg nokon bruktbil å selge og når sant skal seiast har eg vel ikkje så stor interesse for eller kunnskap om bil, heller. I alle fall ikkje samanlikna med enkelte andre.....
For meg skal bilar vere trygge, praktiske og gi plass til dei tinga du treng å frakte med deg, enten det er bagasje eller passasjerar. Kort sagt bilen skal fungere og ta deg enkelt og greit frå A til B. Med andre ord; eg har eit litt anna forhold til bil enn kollega Jan Erik Larssen i Broom!
Vi i TV 2 hjelper deg vil likevel hjelpe deg med å kjøpe bruktbil. Men det er altså ikkje eg som er eksperten som skal gi deg råd. Vi har nemleg alliert oss med folk som har skikkeleg god greie på bil. Du seier kva bil du vil helst vil ha og til kva pris, også har vi tre ekspertar som leitar, sjekkar og ikkje minst prøvekøyrer, for å finne det beste kjøpet for deg!
Les meir om kva du må gjere for å få hjelp på TV 2 hjelper deg sine nettsider.
Skriv til oss!
Framsteg?
Eg har fått ny mobiltelefon. Fint ikkje sant? Ny teknologi betyr framsteg. Eller? Eit nytt produkt skal sjølvsagt fungere, vere enkelt å bruke og heilt problemfritt. Eller? Det bør i alle fall ikkje vere nødvendig med ei oppgradering for at eit heilt nytt produkt skal fungere like godt som det gamle!
Problemet er kanskje ikkje så stort, men likevel irriterande!
Når nokon ringer til min nye mobil kjem det nemleg berre opp eit mobilnummer, ingen namn. Det hjelper ikkje at eg har vedkommande lagra i adresselista mi. Eg synest det er greit å sjå kven som ringer. Du likar nok også å sjå om det er naboen, sjefen, læraren til ungane eller tante som ringer. Den nye teknologien har dessutan gjort meg van med at namnet dukkar opp på skjermen og at telefonen hugsar nummera for meg. Dermed slepp eg å huske telefonnummer. Praktisk, ikkje sant? Joda, heilt til systemet ikkje fungerer som det skal.
Eg har skifta til ein ny mobilprodusent. Så ei stund trudde eg at det var eg som var dum og slett ikkje forsto dei enkle og heilt logiske innstillingane på den nye telefonen. Dermed rådførte eg meg med kollegaer som har samme telefon. Ein brukte lang tid på å sjekke telefonen min, utan å kunne hjelpe. Han hadde slett ikkje slike problem. Ein annan hadde stor forståelse; han sleit nemleg med akkurat det same!
Til slutt klarte gutta på IT i TV 2 å finne løysinga. Telefonen måtte ha ei software-oppgradering. Ei oppgradering? På ein heilt ny telefon? Skal ikkje eit heilt nytt produkt komme fiks ferdig oppgradert ut av pakken? Tydlegvis ikkje. Midt opp i all denne mobil-software-problematikken, gjekk den halvt år gamle radio/CD/GPS-touchskjermen bilen i svart. Det var lyd i radioen, men heilt umulig å skifte kanal, så lenge skjermen var svart. Det skjedde sjølvsagt dagen før eg skulle køyre tur/retur Oslo-Førde.......
Avansert teknologi skapar ei forventing om framsteg som gjer kvardagen enklare og gir oss nye, enkle og velfungerande produkt. I praksis kan dei vel så ofte skape irritasjon over feilkjelder og mykje telefonering til tekno-ekspertane som prøver å hjelpe så godt dei kan......
Det er nesten så eg saknar den gode, gamle fasttelefonen. Du veit den som alltid fungerte!
Men berre nesten. For no fungerer mobilen som den skal. Og touchskjermen på radio/GPSen i bilen den lyser opp og fungerer som den skal den også. Alt som skulle til var ein liten softwareoppgradering.
Lyst på ny mobil? Sjekk vår testbase først! Og følg med TV 2 hjelper deg utover hausten for nye mobiltestar.



